Mengde

4 porsjonar

Ingrediensar

1 stk stor raudkål
1 stk raudløk
2 stk syrlige epler
3 stk tørka fiken
0,5 dl raudvinseddik
1,5 dl solbærsirup
4 dl vatn
1 stk kanelstang
1 stk stjerneanis
3 ss smør
salt og pepper
litt ribbefeitt fra steiking

Framgongsmåte

  1. Smelt smør i ei gryte
  2. Skjer opp kål og løk i tynne strimler, riv epler med rivjern.
  3. Steik kålen og løken i nokon minuttar i smøret før du har oppi eplene. Ta deretter i raudvinsedikken.
  4. La dette koke eit par minuttar.
  5. Tilsett solbærsirup og vatn å rør godt rundt. Legg i ei kanelstang og eit par stjerneanis og ta i litt godt med salt og pepper.
  6. Legg lokk på kjelen og skru ned temperaturen til lav temperatur. La stå med lokket på i ca 1 time. Ta av lokket å tilsett finhakka tørka fiken og la lokket vera av.
  7. No skal raudkålen stå å småkoke i 30-45 minutter til. Koketiden avhenger litt av hvor tynt du har kutta kålen. Den siste tida fordampar óg litt av væska som er i kjelen.
  8. Rett før servering rører du inn litt ribbefeitt.

Denne kan du lage i stand nokon dagar før jul. Hold lufttett og oppbevar i kjøleskap fram til dagen du skal servere den.

Inspirasjon / kilde